Baker Hansen

Chet Baker på norsk

Skapt for meg

(orig. «My Ideal» – Richard Whiting / Newell Chase / Leo Robin)

Dæ æ lengi sea no
Fyste gong e møtte ho
som finst der i draumen min –
hjarte- og tankespinn!

I mi verd tå hug og lengt
bur ho, ganske innestengt –
ska tru om e ein gong finn
lykjelen te ho inn?

Alt dæ som e veit æ at e æ på leit
etter ho som æ skapt for meg
Og leiten kan vera vonlaust jag etter vind
Men kan hende står ho der bak neste grind!

Ville e forstå om e skulle sjå
ho koma forbi min veg?
Ell’ bi dæ berre i draumen e får møte jenta
som va skapt for meg?

 


Koma heim

(orig. «You’d be so nice to come home to» – Cole Porter)

Koma heim te dine klemma
Site nær knitrande eld
Medan skarvevind nytta nåtte inn
va du draumen min kor ein kveld

Stjedneklårt tile’ på vet’n
Eller ein månelys midtsommarnått
Alt e yngste meg, koma heim te deg
Me skull hatt dæ so godt!

 


Nansen og e

(orig. «They all laughed» – George Gershwin/Ira Gershwin)
Dei lo då Kon-Tiki sette kursen ut mot det store blå
Og dei lo då Nansen spende skiun på
Dei lo godt då Ibsen skreiv sin fyste,
dei lo tå Munch sitt smøreri
Alle vart dei ledd tå
Ingen hadde vet te å
sjå ko det kunne bli

Dei lo tå meg då e sa:
«Ho bi nok mi, vent no å sjå!»
Og so sa du ja, brått fekk latteren stilna tå!

Ja, om før dei lo og skrøna om uss, sa «Me veit nok ko som skjer»
So ha, ha, ha! No æ det me som ler!

Dei lo so godt då e sa:
«Ho bi nok mi, vent no å sjå!»
Og so sa du ja, brått fekk pipa ein annan låt!

Dei lo godt og trudde det var sikkert at me ikkji fekk det te
men ha, ha, ha! No æ det me som – hi, hi, hi! allting vart snutt om –
Ha, ha, ha! No æ det me som ler!

 


Din munn

(orig. «The touch of your lips» – Ray Noble/Al Bowlly)

 

Din munn set eit segl
på panna mi
Eit strok som snur natt te dag

So varmt og mjukt,
hjartet gløymer mest
å slå sitt neste slag

Di hand som finn ro
i handa mi
Ditt blikk ber eit stille skin –
og endeleg, ei lukke så fin
Din munn som eit segl
Di hand som finn ro
Din munn som eit segl
på min

 


Det gjeld’kje meg

(orig. «But not for me» – George Gershwin / Ira Gershwin)

Det skrivst so fine dikt
men det gjeld’kje meg
Det summa søt musikk
men det gjeld’kje meg
For let e hjarta rå
så fær e fylgji tå
ein regnsky tung og grå
som heng over meg

E burde visst det
då e møtte deg
men alt e høyrde
va ein song i meg
den kjensla som e fekk
vil alder heilt gå vekk –
men nei, det gjeld’kje meg

 


Gamle Daga

(orig. «I’m Old Fashioned» –  Jerome Kern / Johnny Mercer)

Gamle daga
voro rettigt laga
E lengta dit attiblant
Ei vårnått klår
Ein blome i ditt hår –
romantisk som i ein film, men sant!

Tek’kji bryet
Mæ alt dæ nye
Men måneskin, hand i hand
Dæ æ språket hjartet mitt kan!

Gamle daga
voro gode daga
E va ‘kji vond å be
om du ville vera med
å leva nye gamle daga mæ meg

 


På vakt

(orig. «My foolish heart» – Victor Young / Ned Washington)

Å, dette spelet virka kjent
Ver varsam, ver på vakt!
Med hundre tusen stjednu tent
sler hjarte lett i takt!

Dæ bi tungt å skilje ekta kjærleik
frå kjensla som ein magisk kveld kan gje
Yr og ør og vilt berusa
tå varme og nærleik
frå den jenta du no står like ved

Ho æ so alt for nære no
Dæ æ snart for seint å snu –
og hjartet finn visst ingen ro!
E tek meg i å tru

at e nett i kveld har funne kvinna i mitt liv
– ho e titt har trudd e fann…
Kem æ på vakt når draumen brått bi sann?

 


Lyse renda

(orig. «Look for the silver lining» – Jerome Kern / B.G. DeSylva)

Sjå etter lyse renda
når uvêrsskyi dekkje det blå!
Ein anna stad veit du sole varma,
so gje deg sjøl tid å sjå
at varmen når deg óg

Eit hjarte fyld opp tå glede,
let ikkji smerte og sorg sleppe inn –
so difor sjå ette lyse renda
og prøv å sjå at sole alltid skin

 


E bi so lett forelska

(orig. «I fall in love too easily» – Jule Styne / Sammy Cahn)

E bi so lett forelska, e
Dæ går so altfor fort
E drøyma so e ikkji veit råd
og skuslar kjærleik bort!

Mitt hjarte veit det nok;
det var lært e skull gjort
Men endå bi e so lett forelska, e
E fell so altfor fort

 


Gong etter gong

(orig. «Time after Time»  – Sammy Cahn / Jule Styne)

Gong etter gong
så nynne e min song
om alt e fann då e fann deg!
Kor heldig kan ein bli?
E sveva på ei sky
Kan’kje tru det æ blitt du og e

Når me blir gamle i lag
so veit e alt i dag,
vår kjærleik held seg ung, så e
då endå ein gong
vil synge ut min song
om alt e fann då e fann deg!

 


Så søt

(orig. «Candy» – Alex Kramer / Mack David & Joan Whitney)

Så søt som mogne jordbær,
Så søt – har hekta på ei så søt
Og ho har hekta på meg

Som noko du berre fær ein smak tå
Før det har fått tak på
alt du har og æ!

Skull’ ynskje det var fleir tå ho
Så e kunne nyte meir tå ho!
Tå alt godt som æ å få æ
min favoritt ei jente som æ

Så søt – som kling og kaku,
Så søt – har hekta på ei så søt
og ho har hekta på meg

Så søt – og det e tenke på støtt
Æ sett ho døra på gløtt
Og slepp meg inn te seg…

 


Ei som deg

(orig. «There will never be another you» – Harry Warren / Mack Gordon)

Det kjem nok andre kvelda slik som no
Og nye flamma kjem vel og min veg
Og nye fugla flyg forbi
og syng ein annan melodi
Men alder finn e ei nett slik som deg

Og kanskje kysser e ein annan munn
Men draumen min vil ikkji gje meg fred
For e veit i grunn ko e gå rundt og håpa at ska skje
At e ein dag skal finne ei nett slik som deg

 


Ulykkesfugl

(orig. «Everything happens to me» – Tom Adair/Matt Dennis)

Om e har tenkt meg ut so kjem det støtt ein regnvêrsskur
og byr e inn te festleg lag kjem naboen og æ sur
E æ vel ein tå dei utta hell og utta tur
Ulykkesfuglen æ e

E får med meg det meste, e har bestandig det so går
og trekk me strå so æ det støtt det kortaste e får
E snubla gjønom livet utta blikk for kor e går
Ulykkesfuglen æ e
E trudde fyst at kjærleik snudde allting om
at lukka skulle stå meg bi med deg
so reiste du, og livet vart som før du kom
det kjem nok alder te å gå min veg

E ringde og skreiv brev, e prøvde alt e berre vann!
Du sa at alt va over og e visste det va sant
All kjærleiken e eigde tok du med deg og forsvann
Ulykkesfuglen æ e

 


 

Om du drog frå meg

(orig. «If I should lose you» – Ralph Rainger / Leo Robin)

Om du drog frå meg
brann stjednelyset ut,
om du drog frå meg
tok våren og bløminga slutt!
Og brått vart livet
so altfor nustre og grått –
om fugladn song
so va det ein sørgjelått!

Om du bi med meg
bryt sommarvarmen fram,
om du bi med meg
byte heile verde ham!
Eit smil frå din munn,
og alt kring uss yra tå liv – men ko va eit liv
om du skull dra frå meg?

 


Sea du drog

(orig. «I get along without you very well (except sometimes)» – Hoagy Carmichael / Jane Brown Thompson)

Sea du drog æ livet blitt ein leik
So klart dæ æ
Om ikkji regnet fell på lauv og glas ein stille kveld
Då minnest e å halde deg so nær!
So klart e gjer
Men alt æ so greitt no sea du drog din veg

Alt æ so greitt, her går e for meg sjøl
Dag ut, dag inn
Og alt som var æ gløymt
Om enn i blant e ser deg, gøymt
i andre smil og henda som e held

Kem trur e
e kan lure med
ei luftspegling tå lukka som e fann?
Har prøvd alt
Kalla søtt for salt
sunge songen som skull vore sann

Sea du drog æ livet blitt ein leik
No æ e fri!
Og får nok gode år
Om berre alder det vert vår
For då vil allting spire fram på ny…

Forsidefoto: Morten Espeland
Omslagsfoto: Harald Opheim
Bandfoto: Silje Måseide
Design: Christopher Owe
Webutvikling: Blåis

Tilbake