Haustturné, dag 21: Kjære dagbok. Konserten i Tromsø i går kveld vart prega av godt oppmøte, fantastisk stemning og strålande innsats frå dei lokale gjestane Albert Albrigtsen (barisax) og Tobias Solheim (slagverk). Deretter vart det jamsession ut i dei små nattetimane. Ein heilaften, med andre ord! Dagen i dag har me dedikert til rekreasjon på Albrigtsen Resort, med fantastisk vertskap og heimelaga mat hjå Inger og Albert. Tusen takk for alt, det har vore eit herleg opphald! Me har sjølvsagt også satt av litt tid til å setje oss inn i lokale uttrykk og vendingar, slik at me kan gjere oss betre forstått på turen… Finnmark neste stopp!

21. oktober 2016

[if-insta-location]

Bildet er tatt på: Tromsø, Norway

[/if-insta-location]

Vis på Instagram