Haustturné, dag 16: Kjære dagbok. Etter ei nær sagt rystande konsertoppleving på Sortland i går, har me brukt dagen i dag til å køyre til Harstad. I bilen kvilar me berre, trur du? Neida. Stian har til dømes si eiga bass-innretning å leike med: ein basstreng på noko som minnar om ein hals, perfekt for oppvarming/nedvarming/name it! Patentsøknad er undervegs – me ventar spent. Vel framme i Harstad har me tatt inn hos Stian si tante Vesla, som har teke oss i mot med både fysiske rom og hjarterom (og god mat!). Me er svært takksamme, og tek rett og slett ein frikveld etter over to veker med speling!

16. oktober 2016

[if-insta-location]

Bildet er tatt på: Stangnes

[/if-insta-location]

Vis på Instagram