Baker Hansen

Chet på norsk

Archive for oktober, 2016

Haustturné, dag 31: Kjære dagbok. Då er me ved vegs ende for denne gong. Denne månaden har me tilbakelagt omkring 7000 kilometer, og tilbragt over 100 timar i bil (!); turen frå Hudiksvall til Oslo i dag vart krona på verket med sju timar. Heldigvis fins det nok av morosame og merkelege ting å sjå på i Sverige, som de ser. Me må takke alle som kom på konsertane, alle arrangørar, alle dei hyggelege folka me har møtt, som har husa oss og laga mat til oss, takk til FFUK og Norsk jazzforum – ja, takk til absolutt alle som på ein eller annan måte har støtta oss gjennom turneen! Me kjem tilbake over nyttår – følg med!

Posted by espen

[if-insta-location]

Bildet er tatt på: Svenska Norska Gränsen

[/if-insta-location]

Vis på Instagram

Haustturné, dag 30: Kjære dagbok. I går kveld spelte me den siste konserten på ei stund, og det er reint merkeleg å tenkje på at det heile no er over. Det vil si – heilt over er det ikkje, for i dag har me køyrd 836 kilometer frå Särkimukka til Hudiksvall. Det vart 10 timar effektiv køyring, det, og ikkje minst: mykje skog… Me tek inn på hotell for kvelden, og seier god natt med dette biletet tå låg, svensk høstsol (til forveksling lik norsk høstsol). #instadagboka #gladahudik

Posted by espen

[if-insta-location]

Bildet er tatt på: O’Learys Hudiksvall

[/if-insta-location]

Vis på Instagram

Haustturné, dag 29: Kjære dagbok. Dagen så langt kan me oppsummera med dette biletet – sauna og utendørs boblebad gjer underverker for medtatte musikarar! Kautokeino viste seg frå si sprekaste side i går kveld, kan ein si, og vertskapet frå gjengen på Thon har vore upåklageleg. Takk for oss! No sett me kursen sørover, legg Vidda bak oss og fresar gjennom Finland, før me endar opp på Pine Tree Lodge resort i Kangos, Sverige. Rart å tenkje på at me speler siste konsert i kveld klokka 20. Om du mot formodning er i nærleiken: kom glad!

Posted by espen

[if-insta-location]

Bildet er tatt på: Thon Hotel Kautokeino

[/if-insta-location]

Vis på Instagram

Haustturné, dag 28: Kjære dagbok. Konserten hos Vadsø Jazzklubb vart ei magisk oppleving. Fantastiske arrangørar og entusiastisk publikum – kan me be om meir? Anbefalar alle å spele på Kooperativet Kulturscene! Me kan ikkje la være å fortelje at me dei siste dagane har hatt nokon sterke autentiske, nordnorske opplevingar her oppe: gnistrande nordlys, polarfrisk luft, og no: snø. Snart speler me på Thon Hotel Kautokeino – må bare sjekke at horna er klare fyst!

Posted by espen

[if-insta-location]

Bildet er tatt på: Thon Hotel Kautokeino

[/if-insta-location]

Vis på Instagram

Haustturné, dag 27: Kjære dagbok. Dei siste 24 timane kort oppsummert: Det er veldig kaldt i Berlevåg. Veret er fortsatt med oss, og det er omtrent 3 timar frå Berlevåg til Vadsø. Me har (sjølvsagt) spelt Magic, snakka om jazz og hatt det veldig gøy. Me har også blitt intervjua på radio av NRK Finnmark i forkant av konserten på Kooperativet i Vadsø i kveld. Arrangøren overraska med flygel. Då vart me gledelig overraska og feirar med instapost! Konsertstart straks!

Posted by espen

[if-insta-location]

Bildet er tatt på: Kooperativet Kulturscene

[/if-insta-location]

Vis på Instagram

Haustturné, dag 26: Kjære dagbok. Når ein er borte ein måned på turné, vert det fort behov for rekreasjon undervegs. I Baker Hansen er me ihuga entusiastar tå spelet Magic: The Gathering (eller Magi: Samlinga, som me konsekvent kallar det). Dette er eit taktisk samlekortspel med fantasiskapningar av ymse slag, og målet er – ganske riktig – å vinne. Konkurranseinstinktet er sterkt til stades, og me førar statistikk og speler eigentleg dette spelet ved kvart eit høve. Men, det gjer me jo med jazzmusikk også… Apropos: konsert på Kvitbrakka i Berlevåg kl 2000! Kom heftig og begeistra!

Posted by espen

[if-insta-location]

Bildet er tatt på: Berlevågatelieene – Kvitbrakka

[/if-insta-location]

Vis på Instagram

Haustturné, dag 25: Kjære dagbok. Så langt på turneen har me vorte overvelda av antall publikummarar, sjølv på stadar der me aldri tidlegare har spelt. I går måtte me berre konstatere at det ikkje kom nokon, ikkje EIN person. Dette måtte me sjølvsagt dokumentere, og her kan du sjå Thomas speide etter moglege publikummarar. Me ga opp, lo litt, så nytta me like godt høvet til å øve. Konsertlaus dag i dag, men desto meir køyring: Me registrerer 7 timar i bilen frå Havøysund til Berlevåg, et ein god middag og ladar opp til konsert i morgo!

Posted by espen

[if-insta-location]

Bildet er tatt på: Havøysund hotell

[/if-insta-location]

Vis på Instagram

Haustturné, dag 24: Kjære dagbok. I dag har me gått tur til det høgste punktet i Havøysund, og der var det god utsikt både hav, øy og sund. Veret har vore fantastisk, og dette biletet er eigentleg representativt for heile turen som sådan – me har framleis ikkje kjent nedbør sidan 30. september. Men det skal ein kanskje ikkje seie høgt… Det vert i alle fall konsert på Havøysund Hotell rundt klokka 21 i kveld, rain or shine!

Posted by espen

[if-insta-location]

Bildet er tatt på:

[/if-insta-location]

Vis på Instagram

Haustturné, dag 23: Kjære dagbok. Slik ser ein godt pakka bil ut! Me har etter kvart vorte godt kjent med kvar krink og kvar krok av Ford Transit-en, og veit no sånn høveleg kva som er lurt å pakke tidleg, og kva som skal inn til sist. Skulle nokon vere i tvil, har pakkemeister Stian svaret! Konserten i Alta i går var den fyrste av i alt fem jobbar i Finnmark, noko som betyr at me er inne i den siste etappa av turneen. Men fortvil ikkje, framleis mykje moro att! I dag har me hatt en fantastisk køyretur til Havøysund Hotell. Me tek ein rolig kveld i kveld, konsert i morgo!

Posted by espen

[if-insta-location]

Bildet er tatt på: Havøysund hotell

[/if-insta-location]

Vis på Instagram

Haustturné, dag 22: Kjære dagbok. No har me vært på tur i tre veker, og då må sjølv den (d)jervaste Baker ha litt fysisk pleie innimellom. I Baker Hansen sitt HMS-reglement står det klart og tydeleg at «kvar musiker har krav på opp mot 45 minuttar massasje i veka ved turar på over to veker». Som sagt, så gjort! Vidare har me køyrd i seks timar frå Tromsø til Alta i dag, og skal til å spele på Barila no. Du rekk oss akkurat sjølv om du skal på Kråkesølv seinare i kveld!

Posted by espen

[if-insta-location]

Bildet er tatt på: Barila

[/if-insta-location]

Vis på Instagram

Framsnakk

Song og gjendiktingar: Sigurd Rotvik Tunestveit
Trompet: Erling Skorpen
Piano: Kjetil Jerve
Kontrabass: Stian Andreas Egeland Andersen
Trommer: Tore Flatjord

Barytonsaxofon: John Pål Inderberg
Forsidebroderi "Live i Oslo": Dagmar Pokorna
Omslagsfoto «Ei som deg»: Harald Opheim
Omslagsfoto «Gamle Daga»: Morten Espeland
Øvrige foto: Kristoffer Eikrem , Arnfinn Johnsen, Anne Marthe Berge
Design: Christopher Owe
Webutvikling: Blåis

Tilbake